LINDA EIDE – SPRÅKSJOV // Kilden teater og konserthus

LINDA EIDE – SPRÅKSJOV // Kilden teater og konserthus

Kilden teater og konserthus, Sjølystveien 2, 4610 Kristiansand Directions

Fri 09.10.2026 19:30

Me kjenner ho frå tv-programmet Eides språksjov. No har Linda Eide gått laiv og dreg landet rundt med språklege underfundigheiter i sjovsekken. Med seg på scenen har ho Sjur Hjeltnes og Halvor Folgerø, som begge sørgjer for musikalsk og verbal bækking.

På kvar stad dukkar det òg opp ein lokal gjest, som trioen har invitert.

Velkomen til ein kveld med infotainment for alle penga, når denne gjengen i kjent stil hyllar og herjar med det mest fascinerande og sprøe som finst i denne verda – språket!

Linda Eide – sjovleiar med blokkfløyte og wind synth

Sjur Hjeltnes – pianist med utdanning og innsikt

Halvor Folgerø – seniorkonsulent med fagott og bass

Lokal gjest – TBA